Voss kunstlag ynskjer alle hjarteleg velkomne til utstillinga «Mine farger» av Lillian Presthus.
Utstillinga finn stad i utstillingsrommet i kjellaren på Voss kulturhus 27.august til 24.september 2022.
Hjarteleg velkomne til opning 27.august kl. 15.00 i Voss kulturhus
– Musikalsk innslag
– Forfriskningar.
– Gratis tilgjenge.
Utstillinga vil ha fylgjande opningstider i perioden:
Torsdagar frå kl. 16 – 18.
Fredagar kl. 13 – 16.
Laurdagar kl. 11 – 14.
Salsutstilling.
Om kunstnaren:
Lillian Presthus er biletkunstnar, ho bur og arbeider i Bergen. Ho er utdanna ved
Kunsthøyskolen i Bergen og Kunstakademiet i Bergen og Helsinki, innan tekstil og måleri. Presthus har atelier på Fjøsanger, som er ei rik inspirasjonskjelde til måleria hennar.
På utstillinga – Mine farger- i Voss Kulturhus viser ho måleri i store format. Måleria har tydeleg referansar til naturen, men og til mønstre og ornamenter. Fargen er særs viktig for hennar uttrykk. Lillian har ei stor utstillingsverksemd både i inn- og utland, med separatutstillingar i fleire norske byar, New York, Berlin, København og Malmø. Ho har delteke på
Haustutstillinga, på ei rekkje utstillingar i dei nordiske land, og ho har utført
utsmykkingar. Måleria hennar er kjøpt inn av fleire offentlege institusjonar og
kunstsamlarar.
For meir informasjon om Lillian Presthus og hennar arbeid, sjå www.lillianpresthus.com